I utgangspunktet følgjer reguleringsendringar same reglar som utarbeiding av ein ny detaljregulering. For nokon reguleringsendringar er det likevel lagt opp til ein enklare prosess, etter plan- og bygningsloven § 12-14. Dette gjeld endringar som:
- i liten grad påverkar gjennomføringa av planen
- ikkje går utover hovudrammene i planen
- og heller ikkje vedkjem omsynet til viktige natur- og friluftsområde
Kva som ligg i at endringane «ikkje går utover hovudrammene i planen» må vurderast konkret av kommunen i det enkelte tilfellet. Justering av grenser og arealføremål vil kunne vere aktuelt. Det kan også vere mogleg å gjere endringar i arealføremål. Det må i den konkrete vurderinga tas omsyn til kva slags tiltak det gjeld og kva interesser det vedkjem. Dersom det kjem i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser som gjev grunnlag for motsegn, vil det ikkje vere aktuelt å gjennomføre endringa etter den forenkla prosessen. Dersom endringa får konsekvensar av vesentleg betydning for andre sakar som gjer at det er naudsynt å sjå endringa i ein støre samanheng, vil det heller ikkje vere aktuelt å handsame den utan ordinær prosess.
Det må vidare vurderast konkret i det enkelte tilfellet om endringa «i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen» og om endringa vedkjem viktige natur- og friluftsområde. Viktige natur- og friluftsområde kan omfatte viktige bruksområde som turdrag, friområde og parkar, men også kvalitetane i området, som naturtypar, artar, ferdselsrett, opphaldsrett og høstingsrett etter friluftslova mv. Også omsynet til jordlova er viktig.
Les meir om dette i Kommunal- og moderniseringsdepartementets rundskriv H-6/17.
Søknad om planendring ved forenkla prosess
Før søknaden vert sendt til kommunen skal forslagsstillar sende planlagd reguleringsendring til uttale til eigarar og festarar av eigedomar som endringa direkte vedkjem og andre partar som saka gjeld. Frist for uttale settast til 3 veker.
Søknaden til kommunen skal innehalde følgjande |
|
Forslagsstillar kan sende søknad om reguleringsendring etter forenkla prosess til post@aurland.kommune.no, eller Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.
Det er ikkje krav til oppstartsmøte, men dette kan avtalast om sakshandsamar eller forslagsstillar meiner det er behov for det.
Kommunen vil vurdere om planendringa det er søkt om kan handsamast ved forenkla prosess. Rundskriv H-6/17 er rettleiande i denne vurderinga. Etter vurdering av søknaden vil kommunen vurdere om og kven av sektormynde vedtaket vil gjelde for, og sende saka til uttale før det vert gjort vedtak i saka. Dersom kommunen mottar fråsegn som syner at endringa er særleg konfliktfylt, vil endringa ikkje kunne handsamast ved forenkla prosess.
Vedtaket vert sendt til forslagsstillar, med kopi til eventuelle sektormynde og naboar som ga fråsegn.
Reguleringsendringar ved forenkla prosess er gebyrbelagt, sjå gjeldande gebyrregulativ.