Det vart registrert 93 friluftslivsområde i kommunen, der over halvparten av desse vart kartlagt med verdi B «viktig friluftslivsområde». Den vanlegaste områdetypen som er nytta for friluftslivsområda i kommunen er «leike- og rekreasjonsareal» og «grønkorridor». Arealmessig er likevel størstedelen av friluftslivsområda i kommunen kartlagt som «store turområde utan tilrettelegging» då store delar av høgfjellsområda i kommunen fell under denne områdetypen.

Resultatet av kartlegginga er eit temakart som har blitt publisert på Naturbase.no og som ligg inne som eit eige temalag på Fylkesatlas.no. Dette er to verktøy som vert brukt i offentleg forvaltning.