Rusmiddelpolitisk handlingsplan er eit verktøy for politiske organ, kommuneadministrasjonen og tenesteeiningane for å kunne føre ein ruspolitikk i samsvar med nasjonale mål. Det overordna målet til Aurland kommune innan rusrelaterte tenester er å legga til rette for eit individuelt tilpassa tenestetilbod. Innanfor rusfeltet betyr det at arbeidet må vera heilskapleg med førebygging, behandling og rehabilitering som mål.

Ein del av planen er "Alkoholpolitiske retningsliner" som vert lagt til grunn ved tildeling av sals- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk. Dei fastsett mellom anna rammene for sals- og skjenketider.

Les rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016 - 2020 her