Hytta ligg på om lag 300 m over havet, og det er stigning av varierande grad heile vegen opp. Dette er likevel ikkje til hinder for at storparten av innbyggarane fint kjem seg opp, men sjølvsagd med litt puls alt etter kor fort ein vil gjere turen.

Frå hytta vart oppsett hausten 2018 og fram til i dag har det vore mange tusen besøk på hytta, turbøkene til Aurland Turlag viser dette. I tillegg kjem alle dei som ikkje skriv seg inn. Det er naturleg at det blir mange besøk i ein nyhendesituasjon, men det fine er at det ser ut som at interessa held seg.

Vinjaåsen Dagsturhytte vart offisielt opna 09. mai 2019. Dagsturhytta som mål for gåturar, frisk luft, fin utsikt og litteratur har vorte eit framifrå godt folkehelsetiltak hos oss. Den same utviklinga viser alle stader der det har vorte sett opp dagsturhytter. Dette tyder på at dagsturhyttekonseptet som ide og konsept har møtt interessa til folk på ein god måte.

Aurland kommune sitt ynskje er at Vinjaåsen dagsturhytte skal vere eit mål for gåturar med litt motstand, men som samstundes gjev ein stor helsegivinst, og i tillegg frisk luft, flott utsikt, litteratur og høve til å reflektere litt over livet generelt.

Kart og meir informasjon om turen finn du på UT.no