English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Frist for inn-/utmelding: 30. mai

Tilbod i Aurland musikk- og kulturskule 2013/2014

Fristen for inn- / utmeldingar i musikk- og kulturskulen for skuleåret 2013/2014 nærmar seg. Også i år vert dette gjennomført elektronisk. 

 

Aurland musikk- og kulturskule
 
 
Musikk- og kulturskulen er eit tilbod til alle innbyggjarane i Aurland kommune, born og vaksne. Men dersom kapasiteten på einskilde tilbod vert for liten, vil grunnskuleelevar ha førerett. 
 
Med atterhald om tilgang på lærarkrefter vil musikk- og kulturskulen ha følgjande tilbod i skuleåret 2013/14:
 
Biletkunst
Opplæring i teikning og måling med akvarell og akrylfargar. Det vert lagt opp til praktisk arbeid i grupper med fagleg rettleiing frå lærar.
 
Musikkleikestove
Dette er eit tilbod for born i 1. klasse. Undervisninga går føre seg i gruppe, med vekt på song, rørsle, dramatisering og leik.
 
Grunnopplæring
Byggjer på prinsippa frå musikkleikestova, og er eit tilbod til dei som går i 2. klasse. Her vert det lagt vekt på ei allsidig musikalsk utvikling. Musisering ved hjelp av ulike instrument.
 
 
Hardingfele
Undervising i slåttespel etter tradisjonelle opplæringsmåtar stort sett utan notar.
 
Piano
Opplæring for nybegynnarar og vidarekomne.
 
 
Toradar
Opplæring utan notar, retta inn mot folkemusikktradisjonen.
 
Trekkspel
Opplæring i vanleg trekkspel (med standardbass) og akkordeon (med melodibass).
  
Bandopplæring
 
       
Gitar
Tilbod om undervising på el-gitar retta mot samspel i band,Besifringsspel og improvisasjon
 
Bassgitar
Undervising på el-bass for samspel i band
 
Piano/Keyboard
Undervising retta mot samspel i band
 
Song
Undervising i song retta mot bandsamspel
 
Slagverk
Bruk av ulike perkusjonsinstrument og trommesett.
 
                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                               
 
 
 
 
 
 

 

Kontaktinformasjon

Musikk- og kulturskulen

Rektor: Martin Hendriks

Telefon: 57 63 29 65
Mobil: 958 94 280  
E-post: Martin Hendriks

Rådhuset, 2. etasje

Undervisningslokale:

Postadresse:
Aurland musikk- og kulturskule
Vangen 1
5745 Aurland

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS