English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

PPT

 Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT er ein stad der foreldre, elevar, skule- og barnehagepersonell eller helsepersonell kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring for barn. Aurland kommune har avtale med Voss kommune om kjøp av tenester frå det pedagogisk-psykologiske kontoret der.

Tenesta skal hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for eleven/barnet med særlege behov.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Ved PPT Voss arbeider fagfolk med ulik bakgrunn og røynsle. PPT-kontoret hjelper til med å leggja tilhøva best mogeleg til rette for eleven/barnet og familien.

Kva arbeider PPT med?
Nokre døme på kva ein arbeider med ved PPT-kontoret:
  • Funksjonshemmingar av ulike slag
  • Fagvanskar (t.d. lese-/skrivevanskar, matematikkvanskar)
  • Språk- og talevanskar
  • Mistilpassing i heim, skule og barnehage
  • Problemåtferd
  • Oppsedingsspørsmål
  • Emosjonelle vanskar
  • Overdrevne sinne- og raseriutbrot
  • Mobbing
  • Skulevegring
  • Overgang frå grunnskule til vidaregåande skule
  • Systemarbeid i skuleklassar/barnehageavdelingar

Merk elles! Foreldre kan sjølve tilmelda barn/unge til PPT utan at skulen eller barnehagen treng vita det. Når andre enn foreldra ynskjer at barnet skal koma til PPT-kontoret, må alltid foreldra vera samde i dette, og skriva under tilmeldingskjemaet.

Klassar og barnehageavdelingar kan og meldast til PPT.

Tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt. Alle tenester ved PPT-kontoret er gratis.

I tillegg til Aurland, samarbeider PPT Voss med, og sel tenester til kommunane Granvin, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang.

 

Kontaktinformasjon

Voss kommune
PPT-kontoret
Postboks 222
5702 Voss

Besøksadresse:
Miltzowsgata 2

Telefon: 56514780
Faks: 56520491
E-post: 
post.ppt@voss.kommune.no

Leiar: Berit Lid Sekse
Telefon 56514783

Web levert av CustomPublish AS