Dispensasjon:
Om tiltaket er i strid med planbestemmelsane for området må det søkjast om dispensasjon (NB: skal framgå av nabovarselet) før meldinga eller byggesøknaden kan behandlast. Dispensasjonssøknader krev normalt politisk behandling (Hovudutval Plan og utvikling). For å kunne vurdere om det er grunnlag for å gje dispensasjon er grunngjeving viktig. Revidert plan- og bygningslov legg opp til ein skjerpa praksis når det gjeld dispensasjonar. Det er ekstra gebyr for dispensasjonar.
Tidsfristar:
Søknader utan ansvarsrett og enkle tiltak skal behandlast innan 3 veker. Andre søknader skal handsamast innan 12 veker. For dispensasjonssøknader gjeld ikkje desse fristane. Fristen gjeld frå melding/søknad er komplett og frist for nabomerknader er ute.
Tips for rask og smidig byggesakshandsaming:
1. Sørg for at søknaden er komplett og vel dokumentert (gjerne foto)
2. Respekter vedtatte planar - dispensasjonar har lågast prioritet
3. Avklar om mogleg alle konflikter med naboar på førehand
Utslepp/ avkøyrsle
Før det blir lagt inn vatn skal det vere gitt utsleppsløyve, alternativt sanitærabonnement der det offentleg vatn- og avlaupsnett. Alle nye heilårs- og fritidsbustader tilkopla off. nett skal ha vassmålar.
Søknad blir utarbeidd av røyrleggjar el. andre godkjende føretak. Les meir under Spredt avløp og Vatn og avlaup til venstre i menyen.Ved nybygg og endra bruk skal det vere gitt løyve til avkøyring ev. utvida bruk av avkøyrsle. Det er kommunen ved Kommunal driftseining som gjev dette til kommunale vegar og Statens vegvesen til fylkes- og riksvegar. Ved bruk av felles privat veg skal det leggjast ved avtale om bruk.
Bygningsavfall
Tiltakshavar er ansvarleg for at håndtering av produksjons- og riveavfall blir planlagt og levert til godkjent mottak for bygningsavfall. Ved riving av bygg kan det i enkelte høve vere eit alternativ at brannvesenet brukar det som øvingsobjekt. Bygning skal prosjekterast og utførast med radonførebyggande tiltak slik at innstrømming av radon frå grunnen blir begrensa. For bustadhus er det krav til radonsperre.