Det finst ombod i kvart fylke. Ombodet sitt arbeidsområde er offentlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester.

Pasient- og brukarombodet er ein rådgjevande instans for pasientar og pårørande. Omboda er sjølvstendige og uavhengige, men har ikkje formell makt. Pasient- og brukarombodet har såleis ein uavhengig posisjon.
  
Omboda har teieplikt og ordninga er gratis. Dei som vender seg til ombodet kan krevje å vere anonyme. Både pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta kontakt.
 
Pasient- og brukarombodet kan gje informasjon om kva rettar ein har som pasient og/eller brukar i den offentlege helsetenesta. Omboda kan gje råd og rettleiing og hjelpe med å formulere og vidareformidle spørsmål og/eller klager. Omboda kan også bidra som konfliktløysar og hjelpe til i dialog med helsepersonell/sjukehus, sjukeheimar, allmennlegeteneste og andre som gjev helsehjelp og sosiale tenester.
 
Kontaktinformasjon for pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane:
Telefon 57 82 11 00
Postadresse: Storehagen 1B, 6800 Førde
E-postadressa:  vestland.forde@pasientogbrukerombudet.no
Opningstider: 09:00 - 15:00 måndag til fredag

Vi rår deg til å ikkje sende sensitiv informasjon på e-​post. 

Gå til nettsida til pasient- og brukarombodet her