English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

SFO Flåm skule

 

Skulefritidsordninga ved Flåm skule har til saman 20 påmelde barn i skuleåret 2010-2011. Vanleg åpningstid er frå 7.30 – 9.00 og frå skuleslutt til kl.16.00.
Me er fire vaksne som jobbar ved SFO: May Britt Eraker, Anita Fjellheim, Anlaug Fyrde Samskott og leiar Judith Torgersen. Nokre av oss jobbar og som assistentar på skulen, og vert på den måten godt kjende med alle elevane.
SFO har eit stort fint uteområde. Me nyttar og skog og mark i nærområdet når me har høve til det. Når me er inne, nyttar vi for det meste skulekjøkkenet og gymsalen. SFO har eit nært samarbeid med skulen, og me prøver å skapa eit godt miljø som både born og vaksne kan trivast i.
 
Leiing/personal
Tenesteleiar har det overordna ansvaret for drifta av SFO. Dagleg verksemd vert leia og koordinert av SFO leiar. Det skal i regelen ikkje vera meir enn 12 born pr. vaksen.
 
 
Ferie og fridagar på skulen
Det er særskilt påmelding til skuleferiar og andre dagar elevane har skulefri.
Då samarbeider Sfo i Flåm og Aurland og har felles opphald anten ved ABU eller Flåm Skule. Det må til saman vera minst 5 påmelde for at Sfo skal halda ope slike dagar.
Påmeldingsskjema vert hengt opp i garderoben på Sfo i god tid før ferien.
De kan og ringa til Sfo og melde på borna, tlf: 97589522
 
FØREMÅL
 
SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for born i 1. – 4.kl. Sfo skal leggja til rette for eit trygt og godt miljø med vekt på leik, kultur og fritidsaktivitetar.
 
Skulefritidsordninga skal vera prega av:
  • Å vere ærleg
  • Rettferd
  • Nestekjærleik
  • Toleranse, respekt og solidaritet
  • Ansvar
  • Glede, humor og positiv merksemd
  • Samarbeid sfo, skulen, heimen
 
Me disponerer og kan nytte oss av:
  • Sambruk av lokale med 1. kl.
  • Uteområdet til skulen
  • Badebasseng
  • Gymsalen
  • Bibliotek
  • Skulekjøkken
  • Nærområdet vårt
 
SATSINGSOMRÅDE/AKTIVITETSOMRÅDE
 
Tryggleik og omsorg
Å skapa trygge og omsorgsfulle born er eit mål i seg sjølv. Borna må oppleva tryggleik og omsorg for å kunna bruka energien på sin eigen utvikling. Me vil at borna skal trivast og ha det bra på Sfo, og at Sfo skal vera ein del av borna sitt sosiale nettverk, der born og vaksne tek omsyn til kvarandre, og syner respekt og omsorg for kvarandre.
 
 
Leik og aktivitetar
Borna aktiviserer seg i stor grad sjølv. Personalet legg til rette ulike aktivitetar som barna sjølv vil delta i . For oss er det viktig å arbeida ut frå tanken om at det er borna si fritid me disponerar når dei er på Sfo. Difor ynskjer me ikkje å ha meir fastlagde planar enn nødvendig for kva borna skal gjera, og når dei skal gjera det. Det er viktig at borna får høve til å utvikla sjølvstendig leik utan overstyring frå vaksne, og at born som ynskjer ro og kvile etter undervisninga, får høve til det.
                   Det er lov å kjeda seg å ikkje gjera noko
 
Fysisk aktivitet
Borna bør vere fysisk aktive deler av Sfo tida. Me vil leggja til rette for fysisk leik ute og inne, og gje tilbod om bading ca. ein gong i månaden, gym i gymsalen og andre tilrettelagde  aktivitetar i løpet av Sfo året. Det er viktig at borna har utstyr og leiker tilgjengeleg som fremjar fysisk aktivitet.
 
 
Formingsaktivitetar
Me vil leggje til rette for at borna kan få drive med ulike formingsaktivitetar.
Aktivitetar knytta opp mot årstider og høgtider vil det bli lagt opp til.
 
Lekser
Borna får høve til å gjera lekser på Sfo dersom dei ynskjer det.
 
Samarbeid med skulen
Sfo skal ha eit nært samarbeid med skulen, der dei blant anna skal samarbeida om grenser, reglar og korleis ein møter det enkelte barn.
Nokre av dei tilsette på Sfo deltek og i klassane i løpet av skuledagen.
 
Samarbeid mellom foreldre og personal
Sidan det er mange av borna som kjem og går sjølv til og frå Sfo, er den daglege kontakten med foreldra for overlevering av informasjon borte. Ta kontakt dersom det er noko de lurer på eller det har skjedd ting på Sfo som me bør få greie på. Me vil og ta kontakt dersom det har skjedd noko spesielt, eller om det er ting som gjentek seg over tid.
 
 
 
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
 
Alle må ha kle til å kunne vere ute i all slags vær. Hugs bytekle og merking av kleda . Me har bestillingsskjema til namnemerke dersom nokon treng det.
Det er viktig at de som foreldre snakkar med borna om det å kle seg etter veret. Borna må gradvis verta meir sjølvstendige og sjølvhjelpne – og dette må me samarbeida om.
 
 
Innkryssing på Sfo om ettermiddagen
 
Når barna kjem på Sfo om ettermiddagen vert dei tekne imot av ein vaksen som kryssar dei inn på ei liste. Når dei reiser heim att på bussen eller vert henta vert dei kryssa ut. Dette for at me skal få ei oversikt over kven som er på Sfo til einkvar tid.
 
 
 
Måltid
 
Det vert servert eit lett måltid på Sfo i 14.00 tida. Måndag - torsdag vert det servert frukt eller knekkebrød, og fredag satsar me på å laga eit varmt måltid. Matpeng kjem i tillegg til gjeldande betalingssatsar.
 
 
Avslutning av dagen på Sfo
Personalet skal ha melding når det er endringar ved avtalt avslutning for dagen.
 

 

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 97 58 95 22

Dagleg leiar:
Judith Torgersen

Web levert av CustomPublish AS