Adresse:
Aurland Helsetun 2. et.
kl.08.00 – 15.30
95 98 46 27
95 98 46 41
95 17 25 07
Heimebaserte tenester omfattar: Heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggheitsalarm, matombringing, aldersbustader, omsorgsbustader og bufellesskap
Tenestene vert tildelt etter søknad, og målsetjinga er å leggje forholda til rette slik at eldre og funksjonshemma skal kunne få bu heime så lenge som dei måtte ønskje det.
Heimesjukepleien:. Målgruppa er menneske med akutt eller kronisk funksjonssvikt, sjukdom, funksjonshemming eller til personar som treng omsorg og pleie når livet tek slutt.
Tenesta er gratis.
Heimehjelptenesta er eit tilbod til innbyggjarane som treng hjelp til daglege gjeremål i eigen heim. Dette kan vere oppgåver som reinhald, vask av klede, handling, matlaging osb.
Det kan søkjast om å få tildelt tenester for ein kortare periode under rehabilitering etter sjukdom eller skade.
Andre service- og støttefunksjonar:
Merkantilt støtteapparat
Vaktmeisterteneste
Publisert: tysdag 12. oktober 2010, 13:28
Oppdatert: fredag 2. september 2011, 14:39
