Båten er spesialbygd for fart på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, med gode salongar og mykje utplass slik at dei reisande kan nyta den fantastiske naturen. Fartøyet som skal gå med batteridrift på Nærøyfjorden, er og ei viktig satsing innan miljøvennleg transport.

Ordførar Noralv Distad var med på den fyrste ordinære turen og overleverte blomar til kapteinen. Ordføraren seier at båten absolutt svarar til forventningane og gler seg over den framtidsretta satsinga. - Me har ein verdsarv som me skal ta vare på, men også dela med resten av verda. Den nye båten passar godt inn i denne samanhengen.

 

Sjå også: www.visitflam.com