Kommunestyret skal 13. juni 2024 velja meddommarar frå Aurland til Gulating lagmannsrett, Sogn og Fjordane tingrett og Sogn og Fjordane jordskifterett for perioden 2025–2028.
I tillegg skal kommunestyret fremma forslag til skjønnsmedlemmer som blir valde av fylkeskommunen.

Kommunestyret skal velja følgjande tal meddommarar:

Sogn og Fjordane tingrett:

- 3 kvinner og 3 menn

Gulating lagmannsrett:

- 1 kvinne og 1 mann

Sogn og Fjordane jordskifterett:

- 3 kvinner og 3 menn

Eit alminneleg rettsprinsipp er at ein skal dømmast av sine likemenn. Meddommarane spelar derfor ei viktig rolle i rettssystemet vårt, og som meddommar får du moglegheit til å vera deltakar på eit viktig samfunnsområde.

Kva oppgåver har meddommarar i tingretten og lagmannsretten?

Meddommar har som oppgåve å vurder straffesaker i tingretten eller lagmannsretten. Vervet som meddommar i tingretten eller lagmannsretten, inneber at du er ein av fleire lekmenn som skal dømma saker saman med juridiske fagdommarar.

Det å vera meddommar er ei viktig samfunnsoppgåve, og du vil då; normalt få fri frå ordinært arbeid for å utøva di oppgåve i vervet.

Kor ofte må ein meddommar møta?

Som meddommar kan du rekna med å bli innkalla èin til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men nokre saker varer lenger enn dette.

Kven kan bli meddommar?

Meddommarar er innbyggjarar som er med på å ta avgjerd i rettssaker. Domstollova stiller likevel visse krav til kven som kan veljast. 

Du må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og vera personleg eigna til oppgåva. Dette betyr at du må kunne følgja forhandlingane i retten, forstå dei problemstillingane som saka omfattar, ta stilling til problemstillingane og gje uttrykk for meiningane dine. I tillegg må du: 

  • Vera over 21 år og under 70 år ved starten av valperioden 01.01.2025.
  • Ikkje vera frådømt stemmeretten i offentlege saker.
  • Ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene.
  • Vera innført i folkeregisteret som busett i Aurland kommune når kommunestyret vel meddommarar.
  • Vera norsk eller nordisk statsborgar, eller ha vore registrert i norsk folkeregister som busett i Noreg dei siste tre åra.
  • Du bør òg ha alminneleg god digital kompetanse, slik at du effektivt kan bruka digitale verktøy som domstolen brukar i saksbehandlinga si.

Særleg om krav til meddommarar i jordskifteretten

Jordskiftemeddommarar møter i sivile saker i jordskifteretten. Jordskifteretten er ein særdomstol som behandlar saker som gjeld fast eigedom. I tillegg til dei generelle krava for meddommarar, må du også ha god kunnskap om jordskiftelova § 2-5.

Sjå lov data for jordskiftelova.

Kven kan ikkje bli meddommar?

Reglar om dette står i domstollova §§ 71 og 72

Domstollova § 71:

Utelukket fra valg på grunn av stilling er:

1.  Stortingets representanter og vararepresentanter,

2.  statsrådets medlemmer, statssekretærer, statsrådenes personlige politiske rådgivere og ansatte ved Statsministerens kontor,

3. statsforvaltere og assisterende statsforvaltere,

4. utnevnte og konstituerte dommere og ansatte ved domstolene,

5. ansatte ved påtalemyndigheten, i politiet og kriminalomsorgen og personer som er tildelt begrenset politimyndighet,

6. ansatte i Justisdepartementet, Politidirektoratet og Domstoladministrasjonen og dens styre,

7. ansatte og studenter ved Politihøgskolen og Fengselsskolen,

8. praktiserende advokater og advokatfullmektiger,

9. kommunens administrasjonssjef (medlemmene av kommunerådet i kommuner med eit parlamentarisk styringssystem) og andre kommunale tjenestemenn som tar direkte del i forberedelsen eller gjennomføringen av valget

Domstollova § 72:

Utelukket fra valg på grunn av vandel er:

1. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i mer enn ett år,

2. den som er idømt forvaring eller særreaksjoner etter straffeloven § 40 eller §§ 62 til 65,

3. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i ett år eller mindre, og det ved valgperiodens start er mindre enn 15 år siden dommen var rettskraftig,

4. den som er idømt betinget fengselsstraff, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig,

5. den som er idømt eller har vedtatt bøtestraff for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig eller vedtakelsen, 

6. den som har fått betinget påtaleunnlatelse eller domsutsettelse for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden avgjørelsen var rettskraftig. 

Dom på samfunnsstraff medfører utelukkelse etter første ledd nr. 1 eller 3, avhengig av lengden av den subsidiære fengselsstraffen. Ved delvis betinget fengselsstraff vurderes hver del for seg etter første ledd.

Korleis søkje for å bli meddommar?

Du kan finne elektronisk skjema her – under Politikk  - skjema for melding av kandidatur som meddommar.

For å sende inn skjema må du logge deg inn med ID-porten, deretter er det å fylle ut din informasjon og kva meddommar rolle du ynskjer.

Har du spørsmål? 

Kontakt oss på e-post post@aurland.kommune.no eller via telefon 57 63 29 00