Vegane er som årane i eit levende samfunn. Alle har eit forhold til
dette nettverket som bind oss saman, anten som trafikant med eigen bil, som passasjer i buss eller som syklist eller fotgjengar til og frå skule eller jobb.
Vårt mål er å sørga for at det kommunale vegnettet har tilfredsstillande tilgjengelegheit, både sumar og vinter. Me skal leggja særlig vekt på trygleik for vegfarende, god samfunnsmessig ressursutnytting og innanfor dei økonomiske rammar forvalta vegnettet på en slik måte at det ikkje forfaller.
Litt om vegar og økonomi
I Aurland kommune er det no om lag 75 km kommunale veger inklusiv gang- og sykkelveger som kommunen har veghaldaransvar for. Me utfører nesten all brøyting sjølv.
Kommunal vegmynde
Å være kommunal vegmyndighet inneber blant annet behandling av søknader. Ansvaret for forvaltning av vegnettet er regulert etter fleire lover, bl.a. veglova, vegtrafikklova, men også i fleire andre lover.
Som veghaldar forvaltar kommunen eigarrettighetane til veggrunnen. Det betyr bl.a. at ingen kan ta i bruk veggrunn til anna enn trafikale føremål utan tillatelse.
Snøbrøyting 2011/2012