Tekst:  Arne Veum / Aurlendingen

I vedtaket ligg det også inne at det skal gjerast eit makebyte med gardbrukar Torstein Fretheim. Makebytet vert gjort ved at gardbrukaren avstår eit område kalla "Steingjerdet" på omlag 7500 kvadratmeter og får attende eit kommunalt eigd område på 4500 kvadratmeter.

Høgare utnyttingspotensiale

Det kommunale området ligg  betre til i høve gardsdrifta. Frå Monica Gjesdal Larsen og Miljøpartiet vart det også fremja eit tilleggsforslag om at eit planlagt friområde i det nye bustadfeltet skulle avsetjast til beite, og at det skulle etablerast buffersoner mot attverande dyrkamark. Ved avrøysting var det berre Gjesdal Larsen som røysta for dette forslaget. (Partifelle Anders Fretheim gjekk i frå handsaminga av saka som ugild, og hadde ikkje vara). Arealet som kommunen får frå Fretheim har i følgje rådgjevar i Aurland kommune, Jan Olav Møller, eit høgare utnyttingspotensiale for bustadbygging en det som vert avstått.

Eigen planprosess

Det nye området skal gjennom ein eigen planprosess, og her skal også ein del av eksisterande Fretheimshaugane bustadfelt vere med. - Det ligg unytta og utfordrande tomteland her som me no kan sjå samanheng med "Steingjerdet", som ligg grensar til dette tomtearealet, seier Møller. I den no klarerte og vedtekne delen av Fretheimshaugane - del 2 er det skissert ei utbygging av 11 einebustadtomter eller alternativt 20 - 25 bueininingar i rekkje. Det kan sjølvsagt også vere aktuelt å finne ei høveleg fordeling av einebustadar og rekkjebustadar. - Reguleringsplanen er romsleg i så måte, så her vil det vere mykje opp til utbyggjaren å avgjere form for utnytting, seier Møller. Når det gjeld tal bueininingar på "Steingjerdet" så er det noko som vil verte konkretiset i samband med den nemnde planprosessen for området.

Når det gjeld utbyggingsmidlar til Fretheimshaugane - del 2 så ligg det truleg an til at det vert løyvd i 2017, og då truleg i samband med rullering av økonomiplanen for 2017 - 2020