Rådhuskantina er plassen me er på, frå kl 18.00 til ca 20.00.

Me har arrangert 2 slike kveldar før, og håpar på endå meir besøkande. Målet er å ha desse kveldane annakvar månad, og på sikt tek kanskje ordføraren kontordag i grendene...

Kva er "Ein kaffikopp med ordførar og varaordførar?"

Kven som helst kan koma og ta opp små eller store saker ein måtte ha på hjartet eller meina noko om med ordførar Kjell Bøe Bjørgum og varaordførar Johannes Dalsbotten.

  • Me lovar at me skal lytta om ein kjem med saker som er frusterte over eller saker ein er engasjerte i! Har du ein god ide du vil dela med oss så lyttar me meir enn gjerne til den og!
  • Har du lyst på ein meir privat samtale så tek du berre ordføraren til side så tek me ein prat på kontoret. Det er ingen fast form på desse møta, men dei er viktige for at me skal få god kontakt med innbyggjarane.

Velkommen skal dykk vera den 29 april.