Jobb betyr sjølvsagt kjærkommen inntekt, like viktig er det å bli tidleg kjent med arbeidslivet sine mulegheiter og krav.

Mange bedrifter og Aurland kommune tek inn lærlingar, 13 lærekontraktar er det i Aurland etter siste oversyn. Det er svært positivt og byggjer opp om auka satsing på yrkesfag.

Arbeidslivsstatistikken viser at det i Aurland er mange unge arbeidstakarar. Dette viser både at det er tilgang på arbeidsplassar og at bedriftene rekrutterer ungdom.

Takk til alle som legg til rette for og satsar på unge arbeidstakarar. Og ikkje minst takk til alle dei unge som ønskjer å jobba i Aurland.

 

Noralv Distad
Ordførar

Helsinga frå ordføraren vil og stå på trykk i septemberutgåva av bladet Aurlendingen.