Eg ønskjer velkommen til eit spennande hausthalvår i kommunestyret.

Særleg ønskjer eg Frank Westad velkommen som rådmann i den tida Steinar Søgaard har permisjon.

I Aurland har me mykje å gle oss over:

  • Vekst i folketalet, 14 etter årsskiftet og stadfestar trend over fleire år.
  • Nyleg kom dei  3 første flyktningane til Aurland,  av dei 30 kommunestyret har vedteke å busetja i løpet av 5 år. 
  • Generell framgang i næringslivet, stor framgang i reiselivstilknytte verksemder.
  • Store investeringar både i private bedrifter og i det offentlege, med Vision of the Fjords som den største enkeltinvesteringa.
  • Konkrete investeringar, etableringar og planar knytt til miljøvennleg løysingar på transportsektoren.  Batteridrift på fjorden, e-mobility bilar og søknad om landstraumanlegg som vert levert om ei veke.
  • Avtalen med NSB om drift av Flåmsbana sikra fram til 2027, dette sikrar heilårssatsinga og fokus på materiell.
  • Opprustinga av bygningsmassen på Sogn Jord- og hagebruksskule pågår for fullt og skulen har fulle klassar.
  • Tunnelsikring pågår og skal gjennomførast i 4 tunnelar langs E 16.
  • Friluftslivet blømer og idrettsutøvarar leverer strålande resultat. Den frivellege innsatsen er gledeleg stor.
  • Aurland kommune yter gode tenester til innbyggjarane.

I Aurland har me utfordringar:

  • Bustadsituasjonen er utfordrande, det er nødvendig med mange nye bueiningar både på kort og lengre sikt.
  • Det er behov for å forbetra infrastrukturen slik at vegar, parkeringsareal og toalett tilhøve er i samsvar med utviklinga i reiselivet.
  • Det er behov for ein aktiv og positiv næringspolitikk, noko det ligg til rette for med oppretta næringsutval og næringssjef.
  • Det er behov for ytterlegare sikringstiltak mot ras og flaum, for å sikra tryggleik for innbyggjarar, gjester, trafikkantar og næringsliv.
  • Aurland må ha tilgjengeleg politi og ambulanse, på grunn av dei behova me har i høve eigne innbyggjarar og det store talet gjester.
  • Det er viktig å fylgja opp dei vedtaka kommunestyret har gjort om tiltak i eigen organisasjon  knytt til gjennomgang av den kommunale verksemda totalt sett, og pleie og omsorg særskilt. Me må og få plass oppdaterte serviceerklæringar på dei ulike tenesteområda.
  • Det skal gjennomførast store investeringar, her må me ha god evne både til prioritering og gjennomføring.

Følg møtet direkte her 

Møte i kommunestyre torsdag 8. september