Den hjelpsame brannmannen er Arne Gjernes og ordførar Noralv Distad overrekte takk og blomar. Vi har eit svært dyktig brannmannskap og det gler meg kvar gong dei yter ekstra innsats til dei som er råka av uhell, sa Distad.
Takk til brannmann
Aurland kommune har motteke brev frå den spanske turisten Pedro M. Piñón der han skriv at han vil takke for den utmerka assistansen familien fekk i samband med trafikkulykke i Onstadtunellen 7. august, spesielt til brannmannen som følgde dei til Gudvangen og forsikra seg om at dei kunne halde fram på turen.