Ein periode på 8 år er over for min del. Det har vore gode år, og det har vore krevjande år.  Eg har gledd meg stort over god og  framtidsretta innsats frå veldig mange, både i og utanfor den kommunale organisasjonen. Det er utruleg mange som fortener stor takk.

Aurland er ein kommune i framgang, takka vera alle dei som møter kvardagen og framtida med optimisme, stor framtidstru og handlekraft.

Offentleg innsats  er viktig, men kan aldri erstatta frivilleg innstas og det å stilla opp for kvarandre i kvardagen. Eg er imponert og takksam.

No må blikket rettast framover, mot nye mulegheiter og framtidsretta løysingar til beste for innbyggjarane.

Eg takkar for meg og  ønskjer det nye kommunestyret og den nye ordføraren lukke til i sitt viktige arbeid for Aurland.

 

Noralv Distad