Rundt 60 personar møtte opp til fagmøte sau i Lærdal kulturhus onsdag 12 februar.  Det var prosjekt sau og utmark i Årdal, Lærdal og Aurland som sto som arrangør. 

Erling Offerdal , leiar i styringsgruppa for prosjektet kunne ynskje velkomen til engasjerande foredragshaldarar.

Forskar Vibeke Lind frå Bioforsk på Tjøtta tende glød i forsamlinga med funna frå forskingsprosjektet Arktisk lammekjøt. Her vart dei gode kvalitative eigenskapane til norsk lammekjøt produsert på beite grundig dokumenterte.  Ein bodskap som fall i god jort i forsamlinga. 

I matpausen varta Kjøtmakeren ved Jim Grøndahl opp med norsk lammekjøt med spicy tyrkiskinspirert preg.

Siste timen stod finansiering av driftsbygningar på programmet. Vemund Aartun frå Innovasjon Norge la fram kva dei kan bidra med og kva krav som vert stilt til gjennomarbeidde planar både med omsyn til bygg og drift.

Sauebonden Tom Idar Kvam frå Hafslo avslutta kvelden med å fortelje om si offensive og gjennomtenkte satsing på ny driftsbygning. Spørsmåla frå salen tyda på at dette var ei historie som både imponerte og inspirerte.

Norsk lammekjøt – eit sunt produkt med framtid

Forskingsprosjekt viser at norsk lammekjøt er noko av det sunnaste du kan ete. 
Forskar Vibeke Lind kunne legge fleire trumf på bordet til fordel for norsk lammekjøt  framfor ei lydhøyr forsamling i Lærdal.  I fylgje forskaren viser resultata frå forskingsprosjektet at lammekjøt urettferdig blir sett i bås med anna kjøt produsert på kraftfôr. Det som er utslagsgjevande her er bruken av beite og særleg  utmarksbeite.  
Lammekjøt produsert på utmarksbeite er rikt på omega 3 fettsyrer. Dette er som kjent helsemessig svært gunstig. Årsaka er at planter har naturleg høgt innhald av Lanolen omega 3 fettsyrer. 

Så for den omega 3 medvitne forbrukar; lammekjøt frå norske utmarksbeite er eit godt alternativ til fisk!  I tillegg gjer sauen eit ubetaleleg arbeid med å halde landskapet ope og tilgjengeleg for oss alle. 

Sjå presentasjon frå Vibeke Lind her.