Økonomi
Pr 08.12.2016 er det brukt ca. 35,6 mill. av investeringsbudsjettet for 2016. Av dette forbruket er ca. 24,6 mill . nytta til tiltak knyta til flaumhendinga hausten 2014.

Gjennom året er det utarbeidd omfattande rapportering på dei ulike investeringsprosjekta. Årsaka til at det framleis står igjen ein betydeleg andel av tiltak som ikkje er sluttført, eller starta opp, skuldast fleire faktorar.

Det er eit faktum at ikkje alle prosjekt har vore godt nok bearbeidd og planlagt før dei vert lansert i investeringsbudsjettet. I neste sak skal vi nedbudsjettere og overføre investeringar til 2017 eller seinare.  Lista over dei ulike tiltaka som vert nedbudsjettert/overført til 2017 illustrerer dette.

 Samstundes ser ein at bearbeiding og førebuing av prosjekt gjennom 2016 no ser ut til at det er mogleg å ta til med konkret gjennomføring tidleg i 2017.
Døme på dette er:

Nye Haugen bru
Anbodsynfaring  blei gjennomført på tysdag denne veka med bra frammøte av entreprenørar. Forventa byggestart i løpet  av februar 2017.

Furuly
Totalentreprise vert lagt ut på Doffin no før jul, med forventa byggestart mars 2017.

Heradshuset
Det vert lagt til grunn at det vert lyst ut arbeid med renovering av Heradshuset i løpet av mars månad. I dette arbeidet vert det lagt opp til at leigetakarane vert flytta ut i byggeperioden. Det er funne løysingar for mellombels lokaler og det vert truleg lagt opp til ei fasadeendring, der tidlegare vaktmeisterleiligheit i 3. høgda vert sanert som følgje av høge kostnader til renovering, sett i høve til arealutnytting. Utvalet prosjekt- drift og eigedom (PDEU) vil ta stilling til dette på første møte i 2017.

Fleire andre prosjekt i investeringsbudsjettet for 2016 er no ved slutten av budsjettåret bearbeidd sopass at dei er klare for gjennomføring/utlysing. Det vert då viktig å halde fokus på gjennomføring av dei tiltaka som kommunestyret vedtek for 2017.

Det er og slik at dei folkevalde må vere budd på å gjere budsjettreguleringar gjennom 2017, dersom prosjekt vert klargjort for gjennomføring tidlegare enn forventa. Administrasjonen, spesielt teknisk har hatt og vil ta ei sentral rolle samen med PDEU for å følgje dei ulike prosjekta tett i tida framover. Her må og dei ulike politiske utvala samordna seg, slik at det vert generert eintydige bestillingar til administrasjonen for gjennomføring.

Sjølv om teknisk gjennom 2016 har knyta til seg bistand for planlegging og gjennomføring av dei ulike prosjekta, så  krev dei eksterne rådgjevarane tett oppfølging. Den administrative staben i teknisk er slik sett i ein pressa arbeidssituasjon og må få høve til å halde fokus på dei ulike investeringsprosjekta framover. Teknisk må i størst mogleg skjermast frå å verte nytta til å løyse oppgåver som  ligg utanfor eininga sine kjerneoppgåver.

Flaumen
Situasjonen i høve til NVE er framleis uavklart. NVE har framleis ikkje sagt noko om forventa tidspunkt for formell overtaking av flaumtiltaka. – Dette vil truleg ikkje kunne gjennomførast før tidlegast våren 2017.

Den uavklara situasjonen i høve NVE har og medført at kommunen sitt arbeid etter flaumen har trekt unødvendig ut i tid. Av eit samla investeringsbudsjett etter flaumen på ca kr 77 mill er det pr dato ein forventa restanse på ca 35 mill.  Av denne summen utgjer dei 2 bruene ca kr 20 mill.

Før NVE kan stadfeste at dei tiltak som er gjort i elva ved Flåm skule er i samsvar med den vedtekne sikringsplanen, kjem vi ikkje vidare med planlegging av den nye skulebrua. Skulle det visa seg at det er avvik her, kan det i verste fall medføre at vi må starte prosessen på nytt.

Teknisk jobbar no med å få  kartlagt moglege tiltak for den nederste delen av Flåmslevi på strekninga mellom Lunden og utløp i fjorden. Dette er eit serdeles viktig arbeid å få  gjennomført med tanke reguleringsplanarbeidet for Flåm og utfordingar knyta til eit evnt. mellombels bygge og delingsforbud i området. Det vil og vere eit tidkrevjande arbeid med tanke på å få finansiert og gjennomført ein sikringsplan for denne delen av Flåmselvi.

Søknad om forlenging av tidsfrist for gjennomføring av dei ulike flaumprosjekta er no sendt Fylkesmannen. Det er bedt om utsatt frist på to år - til mars 2019. – Dette vil og ha innverknad på prosjektrekkefølgje dei neste to åra.

For 12 av totalt 35 delprosjekt etter flaumen er det sendt inn komplett dokumentasjon til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

I same rapportering vart det søkt om tilleggsløyving for reperasjonar av Flåm kyrkje ut over det som vart dekka av forsikringa.

I 2017 må det vere fokus på å få sluttført tiltak som er satt i gang og ikkje ta inn «nye» tiltak/prosjekt før dei er tilstrekkeleg utgreidd og klargjort for gjennomføring. Dette krev og god samordning mellom planavdeling og teknisk, og mellom planutval og prosjekt- drifts og eigedomsutvalet når det gjeld førebuing og gjennomføring av tiltak.