I denne siste brannen vart dette scenarioet unngått, men SHT meiner at det framleis er naudsynt med fleire forbetringar relatert til brannsikkerheit og til trafikantane sine mogelegheiter for sjølvredning i tunnelar.

Heile rapporten kan du lese her.

Statens Havarikommisjon tilrår følgjande tiltak :

  • at Statens vegvesen etablerer ein mogelegheit for og tilråding om sikkerheitssjekk ved innkøyringa til utsette tunnelar.
  • at Statens vegvesen, basert på ein risikoanalyse for utsette tunnelar, endrar automatikken og syt for at ventilasjonsstyringa tek vare på trafikantane sine mogelegheiter for sjølvredning.
  • at Statens vegvesen gjennomgår og forbetrar utstyr og rutinar ved brann i tunnel. Inkludert utvikling av teknologi for sanntidsinformasjon og instruksar for VTS som tilseier umiddelbar varsling av trafikantar ved brann.
  • at Statens vegvesen i samarbeid med Direktoratet for nødkommunikasjon syt for at Vegtrafikksentralane vert kopla til Nødnett i tunnelar
  • at DSB vidareutviklar korleis brannvesenet sin innsats og røykstyring best kan støtte opp under sjølvredningsprinsippet for trafikantar i ein tunnelbrann.

Brann Gudvangatunnelen 11.08.15 utbrent buss foto Aurland brannvern.jpg

Brannsjefen i Aurland, Reinhardt Sørensen, har følgjande uttale til rapporten:
Brannvesenet har inntrykk av at dette er ein god og grundig rapport, som kjem med viktige tilrådingar. Denne rapporten vert eit viktig verktøy for det vidare sikkerheitsarbeidet for lange vegtunnelar, både her i kommune og for landet elles. Me merkar oss at Statens Havarikommisjon støttar opp under den taktikken brannvesenet la til grunn for røykstyringa i dette tilfellet, sjølv om dette tidlegare aldri har vore gjort i Noreg. Vidare vil me halde fram det gode samarbeidet med Statens vegvesen, og på bakgrunn av konklusjonane i rapporten, har me allereie bede dei om eit møte om beredskapsplan for framtidige hendingar. Me må vere så godt førebudd som mogeleg til den dag noko slikt skjer igjen.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, uttalar:
Eg ynskjer å framheve at brannvesenet i den konkrete situasjonen handla raskt, og gjorde rette val i ein kritisk situasjon. Etter mi vurdering er Aurland brannvesen i god stand, og har dei beste føresetnadar for å møte framtidige hendingar. Aurland kommune skal syte for at vårt brannvesen til ei kvar tid er best mogeleg rusta, med både utstyr og kompetanse. Samstundes må me syte for eit godt samarbeid med både Statens vegvesen og andre instansar.

Eg vil takke alle som hjelpte til under hendinga, både Olav Hylland, nødetatane, og dei frivillige organisasjonane.