Konkret peikar ein på at eigedomsskatt må reknast ut på grunnlag av reell marknadsverdi, noko ein vil få ved å endra satsen for kapitaliseringsrente.

Ordførar Noralv Distad seier at inntektstapet for Aurland er vel 12 millonar kroner og for Sogn samla 46 millionar.

Sjølv med lågare kraftprisar er dette ein nedgang som vart uventa stor og heller ikkje i samsvar med at marknadsverdi skal liggja til grunn når ein fastset verdien på kraftverka.

Ordføraren vonar Stortinget tek tak i saka og gjer endringar med virkning alt for 2017. Han har, saman med andre ordførarar, vore i møte med medlemer av finanskomiteen på Stortinget. Saka vart lagt fram på ein grundig måte og sjølv om me ikkje fekk direkte svar i møtet, vonar eg sjølvsagt på positiv behandling av saka, seier ordførar Noralv Distad.

Brevet frå Sogn Regionråd kan du lesa her (pdf)