Elevane kjem frå heile landet, fleire og frå Danmark og Tyskland og ein frå Argentina. Alt lovar godt for eit godt skuleår og ei trygg framtid for den viktige skulen. Den pågåande byggjeaktiviteten syner at også bygningsmassen no blir i takt med tida.

Ordførar Noralv Distad bar fram helsing frå Aurland kommune. Han framheva SJH som ein framtidsretta skule og eit nasjonalt veksthus for økologisk landbruk. Dei som går på SJH tek ei utdanning som er svært viktig for framtida. SJH påverkar og kommunen, mellom anna ved at over 20 % av landbruksarealet no vert drive økologisk.

Ordføraren ønskte elevane lukke til med von om eit godt og lærerikt skuleår, og at alle finn seg godt til rette i Aurland.