Torsdag 14.august vart det arrangert skogkveld hjå Jørgen Asperheim i Seimsdalen. Arrangør var prosjektet Skogbruksrådgjeving i Indre Sogn v. Arnt Laukeland. 

14 deltakarar frå Årdal, Aurland og Sogndal møtte denne kvelden, i tilegg til Merete Larsmon og Arnt Laukeland, samt eigar Jørgen Asperheim som stod for det faglege.

Tema for kvelden var stell av lauvskog. Jørgen Asperheim har eit vellukka plantefelt av valbjørk som er regulert og oppkvista. Feltet framstår som ein av dei mest vellukka felta på Vestlandet. Store verdiar i form av m.a. knivskaftevne vil vere klar til hausting her om nokre år.  Hovudfokus på skogkvelden var tidspunkt og utføring for stell av lauvskogen.
Det vart og fokusert, og synfare eit felt med naturleg stadeigen bjørk som var oppkvista og avstandsregulert.

Underteikna vil  ut dette året, og fram mot våren bistå kommunane i Indre Sogn med skogfagleg hjelp i form av gardsbesøk, skogdagar og kurs. Dette gjeld : Årdal, Lærdal, Aurland, Leikanger og Sogndal. Dersom skogeigarane i desse kommunane ynskjer hjelp er det berre å ta kontakt med underteikna. 

Arnt Laukeland. E-post:  arnt.laukeland@sfskog.no  tlf 99163200