Ryddedag langs fjorden!

Nærøyfjorden Verdsarvpark vil 19.april arrangere ryddedag langs dei to verdsarvfjordane våre, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Dette gjer Parken i samarbeid med verneområdeforvaltar, SNO, Aurland kommune, næringsliv og frivillige lag. Partnarar av Verdsarvparken er engasjerte; me får god hjelp frå Njord, Kystlaget, Visit Flåm, Vikingvalley, Fjordsafari, Aurland sparebank, Flåm skule, ABU og mange fleire. Ei slik stormønstring vitnar om at mange er opptekne av å ta vare på miljøet og naturen me har rundt oss!

Me vonar at ein felles dugnad også vil gjere at me blir flinkare til å ta med oss eige søppel, og til å plukke med oss det me finn når me ellers er på tur. Auka fokus på plastforureining er særleg aktuelt så me er spente på kva og kor mykje me finn langs strendene her! Desse fjordane har verdsarvstatus, og det er difor viktig å ha eit særleg fokus på opplæring og å skape engasjement rundt ivaretaking av naturen og landskapet rundt fjordane. Med aukande besøk og trafikk er det særs viktig å bli medvitne på kva det medfører av auka forsøpling.

Me vonar at eit breitt samansett dugnadslag vil gi auka kunnskap hjå mange brukargrupper og at ringverknadene kan bli positive med det resultat at vi får mindre søppel langsmed strendene. Skuleelevane vil plukke søppel over store område denne dagen – både langs strendene og i bygdene.

Den fantastiske naturen me bur i treng hjelp – så om du har tid og lyst er du hjarteleg velkomen til å gjere ein innsats i nabolaget ditt eller ta med deg søppel langs ruta du likar å vandre på tur.

Snædis L. Bjarnadottir

Epost: snaedis@naroyfjorden.no

Tlf : 94 26 93 38

Ryddedag 19. april 2018
Ryddedag 19. april 2018
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap