Du kan ikkje levere søknaden før registreringsdatoen 31. juli. Leverer du søknaden etter fristen, vil tilskottet bli redusert med kr 1 000,- for kvar dag etter fristens utløp.

Me oppmodar om at søknadar om RMP vert levert elektronisk via Altinn.

Gå til relevant informasjon for RMP 2016 på nettsida til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane her 

Ta kontakt med kommunen for nærmare informasjon, hjelp eller rettleiing, kontaktinformasjon finn du her.  Det er viktig at dei som ynskjer hjelp tek kontakt i god tid før søknadsfristen.

Dersom du i søknaden skriv inn opplysningar som ikkje er rette, kan det føre til avkorting i miljøtilskotet. Døme på slike feil er dyretal, areal eller at du søkjer på ordningar som du ikkje har rett på.