Andre delar av det offentlege tenesteapparatet, NAV, skular og barnehagar kan henvise personar til psykiatrisk sjukepleiar. Det er ein føresetnad at brukarane sjølv tek kontakt med psykiatrisk sjukepleiar, og ber om hjelp, eller at brukar har gjeve samtykke til at problemstillingar kan drøftast med psykiatrisk sjukepleiar.

Tilbodet innanfor psykisk helsearbeid inneheld ingen akuttfunksjon. Når det gjeld akutt behov for hjelp må du ta kontakt med legevakta på telefon 57632000/ 116117.

Om psykiatrisk sjukepleie
• Førebygging
• Støttesamtalar på kontor eller i heimen
• Hjelpe til med å opprette kontakt med andre delar tenesteapparatet
• Samarbeid med andre kommunale tenester
• Samarbeid med Distriktpsykiatrisk senter (DPS)
• Deltek i ettervern

Psykiatrisk sjukepleiar er fast medlem i kommunen sitt sorg og kriseteam. Kriseteamet blir iverksett ved større ulykker og katastrofer.

Lågterskeltilbod
Delar av stilinga til pykiatrisk sjukepleiar er tenkt brukt til lågterskeltilbod. Dette er gratis for dei som nyttar seg av det. Alle aldersgrupper kan nytte seg av tilbodet. Aktuelle problemstillingar der psykiatrisk sjukpleiar kan hjelpe, eller henvise vidare kan vere:
-mobbing på skulen, eller på arbeidsplassen
-belastning ved alvorleg sjukdom i nære relasjonar
-sorg
-sosial angst og depresjon