Aurland kommunestyre gjorde i møte 9. juni slikt samrøystes vedtak om oppfylgjing av rapporten:

  • Kommunestyret vedtek å setja i gang eit utviklingsarbeid med basis i tilrådingane i framlagt rapport.
  • Kommunestyret er styringsgruppe.
  • Utval for omsorg, oppvekst og kultur er referansegruppe.
  • Dei administrative leiarane på fagfeltet, tillistsvalde og ein representant for dei tilsette er prosjektgruppe og rapporterer til kommunestyret.
  • Den vidare prosessen skal vera ein del av den daglege drifta av pleie, rehabilitering og omsorg.
  • Det kan nyttast ekstern hjelp i det vidare arbeidet.