Endeleg dato for oppstart er avhengig av leveranse av parkeringsutstyr. Aurland kommune venter også på dataløysing for kjøp av innbyggjarkort. Dette vert levert av ekstern leverandør. 

Innbyggjarar med folkeregisteret adresse i Aurland, samt firma med adresse i Aurland, vil kunne kjøpe innbyggjar kort i denne data løysinga. Dette vil vera ei nettside der ein loggar seg på med bankID,  på same måte som for eksempel id porten og andre offentlege portalar. Her registrera ein skiltnummer på bilen og kjøper kort. Dersom du har fleire bilar må du kjøpe fleire kort. 

Sidan løysinga for innbyggjarkort ikkje er klar, vil også oppstarten av parkeringsområda i Flåm og Vassbygdi verta utsett og starte opp samtidig med Aurlandsvangen når dette er klart. Det vil bli lagt ut informasjon om oppstart og brukarveiledning på innbyggjarløysing, på kommunen sin heimeside og Facebook før oppstart.

For eventuelle spørsmål kan du sende e-post til aurlandparkering@aurland.kommune.no