Tekst og foto: Arne Veum / Aurlendingen

I tillegg står det om faget at ein skal også kunne sjå behovet for,  og kunne bruke seg sjølv i frivillig arbeid.  Totalt har åtte elevar ved ABU testa ut det ny valfaget dette skuleåret, og no når sommarferien nærmar seg oppsumerar dei med at det har vore både lærerikt, sosialt og morosamt.  Oppstarten av faget i fjor haust var prega av teori om kva frivillig arbeid er, og kvar det vert utført. - Me gjekk gjennom læreplanen for faget, og definerte kva som var måla for faget, fortel lærar Åshild Askeland. Ho rosar elevane for å vere lydhøyre, og samstundes ivrige etter å kom e i gang med praktisk arbeid.

Innsats for eldre
– Den målgruppa som elevane raskast såg føre seg å gjere ein innsats for var dei eldre, fortel Askeland. Dette resulterte i at det vart teke kontakt med Røde Kors Omsorg, og gjennom denne organisasjonen kom elevane i gang med ulike oppgåver mynta på å hjelpe eldre personar. - Me fekk organisert besøk på helsetunet der me kom i gang med ulike tiltak, mellom anna aktivisering av bebuarar og høgtlesing for bebuarar som ønska det.  Valfagelevane spela både brettspel, hadde samtalar og gjekk tur med dei. I tillegg har elevane vore på heimebesøk hjå eldre personar og dei har vore medhjelparar på Røde Kors Omsorg sin tysdagskafe i rødekors huset på Onstad. - Me hjelper til med å steikje vaflar og koke kaffi, og om nokon har lyst så spelar me kort eller andre spel, seier Simen Merkesdal. Han likar valfaget, og meiner det ligg mykje god lærdom i å gjere ein innsats for andre.

Leksehjelp
Men dei åtte valfagselevane har ikkje berre gjort innsats for den eldre aldersgruppa. Også dei yngre har vore målgruppe. - Nesten kvar tysdag gjennom dette skuleåret har to - fire av elevane planlagt og gjennomført aktivitetar for småskuleelevane i SFO. I tillegg har valfagselevane vore "assistentar" for leksehjelpa. - Me lagar til aktivitetar som ungane kan melde seg på når dei kjem på SFO, seier Thomas Grindheim og Sigve Skjerdal. Dei to åttande klassingane omtalar det nye valfaget som kjekt og sosialt. - Me valde dette fordi me tykkjer tanken om å hjelpe andre er god, seier dei to gutane. Anja Underdal er også på SFO som leksehjelp assistent. - Ho er flink og hjelper meg når eg spør, seier tredjeklassingen Anna Haugen Bøe. Valfaggruppa har også stilt opp for større og verdsomspennande hjelpetiltak. Rett før jul i fjor stilte heile gruppa på Vangen ein ettermiddag og selde vaflar til inntekt for flyktninghjelpa og på Røde Kors si faste adventssamling på Furukroa i Flåm stilte elevane opp for dei eldre som trengde ei hjelpande hand og til matservering. - Det er framleis att litt av skuleåret, og me vil oppmode folk om å ta kontakt med dersom dei veit om nokon som kunne trengt litt arbeidshjelp i hagen no i våronna, eller om nokon so m berre vil ha besøk for det sosiale sin del. Det må praktiske omsyn vere personar som bur i gang- eller sykkelavstand frå skulen, seier Askeland. - Korleis skal dei ta kontakt? - Ta kontakt med skulen og spør etter meg som kontaktlærar for valfaget. Elles er mitt mobil nr. 93 65 12 44. om ein vil sende epost kan ein bruken adressa; ashild.askeland@aurland.kommune.no

Velje
Om valfaget "Innsats for andre" vert vidareført er uvisst. Det vil avhenge av kor mange som melder seg på faget. Ved Aurland barne og ungdomsskule (ABU) er tida no inne for at elevane skal velje neste års valfag. Det kan veljast mellom fem fag, og i tillegg kan tiande klasse velje trafikk. Lista over valfag er slik; Medium og informasjon, fysisk aktivitet og helse, produksjon av varer og tenester, design og redesign, Innsats for andre og trafikk (berre for 10. klasse).