Elevane i 9.klasse har vore på hospitering måndag og tysdag denne veka. Dei fleste elevane har vore i Sogndal. Elevane hadde valt TIP, elektrofag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, idrettsfag eller bygg og anleggsteknikk. Dei er på same linjevalet begge dagane. I 10.klasse er dei også på hospitering. Då er dei innom ei anna linje.

Klikk her for å lese meir og sjå bilete frå hospiteringa

 

8. klasse har denne veka strålande dagar på Brennabu. Spennande aktivitetar står på programmet, og elevane vert utfordra kvar einaste dag. Leirskulen har masse forskjellig utstyr og dagane inneheld mykje meir enn berre skigang. Her får dei prøva både isklatring, fatbike, bandy, balansegang på wire, fjellekspedisjon, alpin og skiskyting. Gå til klassesida til åttande for å bli meir oppdatert om det flotte opphaldet.