I samband med opninga bar ordførar Noralv Distad fram denne helsinga frå Aurland kommune:

"Dette er stort, dette er fortent, dette er på høg tid !

Jordalen er ei utruleg flott bygd med driftige innbyggjarar, og eit eineståande område for jordbruk, stølsdrift og friluftsliv.

Vegen til omverda har fram til no alltid vore vanskeleg og utrygg.  Gjennom alle generasjonar har innbyggjane levd med fare for steinsprang og snøras. Men dei har halde ut, hatt framtidstru og vore glad i bygda si.

Det tenar innbyggjarane til stor ære at de målretta,  men samstundes toldmodig har arbeidd for trygg veg.  Det løner seg å halda ut og aldri gje opp.

Av og til må nokon tenkja nytt og større, sjå etter nye løysingar.  Det gjorde Sigmund Bjørke med sin ”Jordals-pakke”: trygg veg i kombinasjon med kraftutbygging. 

Vegsaka vart løyst, finansiert med klimavennleg vasskraft.

Kven kunne seia nei til dette ? Svaret er: Ingen !  Sigmund Bjørke er ein ekte heidersmann.

Aurland kommune er stolt over å ha støtta dette prosjektet gjennom heile prosessen. Vegen er viktig også for Aurland og  mange grunneigarar som har stølar og beiteområde i Jordalen

Men no gler me oss fyrst og fremst med våre gode venner i Jordalen.  Dette er dykkar dag !

Tillukke med den store dagen !"

Ordføraren overrekte gåve til Jordalen Grendalag ved Kari Mørkve Jordalen og til Sigmund Bjørke i Holmen Kraft.