Nye Haugen bru tek form

I dag, fredag 21. april, vart den siste bru - bjelken for nye Haugen bru heist på plass!

Dermed er dette prosjektet i ferd med å ta form og verte synleg i landkapet. Så langt er dette projektet i rute i høve til framdriftsplan til entreprenøren (PEAB) og arbeidet fram til no har vore gjennomført etter planen. Vidare arbeid framover vert no etablering av trekkerøyr for straum, breiband, vass- og avløpsleidningar over brui og etterkvart støyping av brudekke og montering av rekkverk. PEAB skal overlevere brua til Aurland kommune som byggherre 06.09. i år.

 

 

Nye Haugen bru tek form
Nye Haugen bru tek form
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap