Ny søknadsomgang produksjonstilskot mars 2018

Info frå Felles Landbrukskontor ÅLA: Hugs neste søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket som er 15. mars 2018. No kan søknaden berre leverast elektronisk via Altinn.

Du må oppgje anten e-post eller mobilnummer for å få sendt inn søknaden. Det er viktig at du trykker på "kontroll søknad" og "send søknad" for at den skal bli innsendt.

Viktige datoar for søknadsomgangen i mars 2018:

- 1.mars som er teljedato
- 15.mars søknadsfrist
- 29.mars frist for å etterregistrera/korrigera opplysingar i innsendt søknad

Det er berre dei med husdyrproduksjon som skal søkja no i mars, og då på det antal dyr føretaket disponerer på teljedato 1. mars.

Søknadsfristen 15.mars er absolutt, men det vil vera mogleg å endra opplysingar 14 dagar etter fristen. Få registrert søknaden din innan 15.mars, so kan du heller gå inn å korrigera opplysingar i etterkant.

Aktuell informasjon om søknadsomgangen i mars 2018 finn du på Landbruksdirektoratet sine sider her. Søkjar er sjølv pliktig å setta seg inn i gjeldande regelverk.

Ta kontakt med Felles Landbrukskontor ÅLA i god tid dersom du har spørsmål eller treng hjelp. Hugs å ta med påloggingsinformasjon til Altinn. (td MinID eller Bank-id).

Felles Landbrukskontor ÅLA

 

På beite Foto Lærdal kommune
På beite Foto Lærdal kommune
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland