Tekst: Arne Veum /Aurlendingen Foto: Suzan Mulders

Etter nokre år med sommarkonsert på Vangen, var tida inne for musikk- og kulturskulen til å leggje konserten til andre omgjevnadar. Denne konserten var startskotet for fleire konsertar rundt om i kommunen vår i framtida.

Godt frammøte
Musikk- og kulturskulen sine lærarar og elevar vart godt mottekne i grindstova ved Eldhuset, der scena var akkurat passe for å gjennomføre konserten. Sola skein og frammøte av publikum var godt, difor vart det raskt ein triveleg og uformell konsertatmosfære, med over 20 innslag og nesten 50 deltakarar. Konserten varte i omlag to og ein halv time, med god variasjon både i alder, besetning og repertoar. Det var noko godt for alle, og rektoren kan sjå tilbake til eit vellykka arrangement. - Ut frå tilbakemeldingane å dømme var dette godt motteke av både publikum, elevar og lærararar, så dette blir truleg gjenteke.

Enno plass
Musikkskulelærarane har byrja på ein velfortent ferie, og me kan sjå tilbake på eit flott musikk- og kulturskuleår. Innmelding av nye elevar er i full gong. Ved utgang av fristen i starten av juli var det godt med påmeldingar. På ein del av tilboda til Musikk og kulturskulen er det enno plass til nokre påmeldingar, så du kan framleis vere med! Bruk påmeldingsskjema som er å finne på Aurland kommune sine heimesider, så får du tilbakemelding før skulestart.