Arve Beheim Karlsen vart over tid utsett for mobbing, vald og rasisme. Seint fredag kveld 23. april 1999 vart Arve jaga av to jamaldringar som ropa rasistisk motiverte drapstruslar etter han. Tidleg om morgonen måndag 26. april vart Arve funnen død i Sogndalselvi. 

I år er det 25 år sidan denne hendinga som skaka heile landet. I den anledning skal det avdukast eit minnesmerke som skal stå ved Sogndalselva. Minnesmerket består av ein skulptur laga av kunstnar Tobbe Malm og eit dikt skrive av forfattar Brynjulf Jung Tjønn.   

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery kjem til Sogndal for å vere med på markeringa ved Sogndalselva søndag 28. april kl 16.30. Me håpar at innbyggjarar, organisasjonar og bedrifter vil delta for å stø opp om ein bodskap som er like viktig i dag som for 25 år sidan.  

Ordførar Kjell Bøe Bjørgum vil gjerne oppmoda innbyggjar til å vera med på markeringa "viktig sak som er stadig like aktuell, så eg håpar fleire Aurlendingar kan ta turen til Sogndal for å markere dette". 

 

Program

Musikkinnslag: Kari Malmanger (song) og Inge Ronny Kvåle (gitar) 

Diktlesing: Forfattar Brynjulf Jung Tjønn. 

Velkommen: Ordførar Stig Ove Ølmheim 

Tale: Kultur - og likestillingsminister Lubna Jaffery 

Diktlesing: Forfattar Brynjulf Jung Tjønn. 

Appellar:  

  • Familien til Arve, ved mor Kari Beheim Karlsen 
  • Leiar i ungdomsrådet, Emma Steinsland Hamre 
  • Russepresident ved Sogndal VGS, Martin Sva Wergeland 
  • Lokalpolitikar Laila Wigum, på vegner av Sogndal kommunestyre 

Avsluttande ord: Ordførar Stig Ove Ølmheim 

Musikkinnslag ved Kari Malmanger (song) og Inge Ronny Kvåle (gitar)

 

Saka er skriven av Sogndal kommune.