Først ut var Arnt Laukeland frå skogeigarlaget som snakka om ungskogpleie i kombinasjon med rydding av beite. Stikkord her var tidspunkt for tynning, og høgd på kvisting. 
Etter dette vart det grilla pølser og mingla rundt dei ulike tilbydarane av tenester som var møtt opp. Ti ulike bedrifter innan alt frå planlegging til innandørsmekanisering var til stades for å visa seg fram og for å tilby sine tenester. Nokre hadde med ferdig oppmontert saueinnreiing medan andre hadde brosjyrer og video der dei viste løysingane i bruk. 

Prosjektleiar for prosjekt Sau og Utmark, Håvard Øyrehagen, er strålande nøgd med oppmøte og kallar dagen ein kjempesuksess. ”Her får me mykje god kontakt mellom bønder som vil bygge nytt eller fikse opp att fjøsen. Dette er ein kontakt dei elles ikkje hadde fått utan at kvar og ein av dei måtte reise rundt til ein og ein.” 

Øyrehagen seier det er eit stort etterslep på bygningar i landbruket og at det ligg an til ein byggeboom innan sauehaldet om ikkje rammebetingelsane vert for dårlege. ”Truleg snakkar me om tjue-tredve sauebønder berre her i ÅLA-kommunane som i større eller mindre grad tenker på å gjere noko med fjøsen sin.” Øyrehagen avsluttar med å seie at han håpar nokon finn ut at dei vil satsa, og presiserer at prosjektet vil hjelpa dei gjennom heile prosessen.