Norgescupen består av fem samlingar gjennom året: Skifelt sprint 5 km med liggande og ståande skyting, normaldistanse 8 km med skytingar,  deltaking på landsskyttarstemna med skyting i felt og jaktstart i skogsløype med skyting, NM i skogsløp og Norgescup-avslutning med skogsløp og skyting. Marit har delteke på alle samlingar og fått med seg både sølv, bronse og NM-sølv undervegs, for så til sist å kunne henge gullet rundt halsen!

Skogsløp og skifeltskyting er ei krevjande grein i DFS (Det frivillige Skyttervesen). Skytinga skal her gå føre seg utan dei vande skyttardressane som er både polstra og avstiva. Det er joggesko og t-skjorte som gjeld, eller endå verre med ski på beina og stavar som ein skal plassere medan ein skyt. Så kjem momentet med puls, og til slutt skal ein halde hovudet kaldt og bedømme rett avstand, hugse skruvinga og trekke av i midten sjølvsagt.

Denne helga deltek Marit i NM i rifleskyting på Elverum – ei ny utfordring ho vil prøva seg på. Så ventar NM skifelt i Mo i Rana i mars og NM skogsløp i Bardu i september neste år. Flåm skule er kjempestolte av lærar Marit og gratulerer med imponerande innsats!