Håvard Moe, seniorrådgjevar i KS konsulenter presenterte rapporten for folkevalde, leiarar og hovudtillitsvalde på økonomiplanseminaret i Flåm 13. og 14. april. Aurland kommune som konsern forvalta over 283 millionar kroner i 2015. Håvard Moe utfordra oss på om vi er medvitne om kva vi får igjen for meirinntektene våre.

KOSTRA - rapporten viser at Aurland kommune har høg ressursbruk på stort sett alle område. Dette har Aurland kommune hatt råd til på grunn av at kommunen også har høge inntekter. Rapporten viser samstundes at dersom det skulle vere behov for å betre produktiviteten så skal det vere rom for det på alle dei områda som rapporten omhandlar. Rapporten syner ressursbruk, men seier lite om kva vi faktisk får igjen for meirforbruket. Dette må målast på andre måtar. Les KOSTRA - rapporten her

Sentralt i arbeidet med fireårsplanlegginga vil vere prognosar for Aurland kommunen sine inntekter i åra framover. Det er fleire føreslåtte endringar i framlegg til ny skattereform og energimeldinga som kan påverke kommunen sine kraftrelaterte inntekter. Meir informasjon finn du på nettsida til LVK  .

I tillegg har framlegg til nytt inntektssystem for kommunane vore ute på høyring. Les meir om kva dette inneber på nettsidene til KS