Onsdag 9. desember kl 19.00-22.00 i Lærdal – kommunestyresalen
Torsdag 10.desember kl 19.00-22.00 i Sogndal – Grandenbygget (ved Frydenbø-Volvo)

Kursleiar: Arnt Laukeland 

Kurset er gratis og retta mot skogeigarar i kommunane Sogndal, Leikanger, Årdal, Lærdal og Aurland. For dei som har planar om å byggje skogsveg ein gong fram i tida, eller dyrke juletre, er kurset av spesiell interesse.

Om skogfond
Alle skogeigarar må ved sal av skogvirke setje av midlar til skogfond. Skogeigaren kan sjølv avgjere kor mykje som skal setjast på fond. Minstesats er 4 %, den maksimale satsen er 40 %. Å velje riktig sats er viktig med tanke på investeringsbehovet i skogkultur, veganlegg, m.m. Riktig sats kan gje deg stor økonomisk fordel. Kurset vil også kort omhandle gjennomsnittslikning i skogbruket. Meir om skogfond kan du lese på www.skogfond.no.

Velkomen til skogfagleg påfyll og ein møteplass for skogeigarar!

Enkel servering.