Torsdag 23.8 og fredag 24.8 var det ein workshop innan klima- kulturminne i Aurland. Her deltok arbeidsgruppa innan kulturminneplan (Ingunn B. Skjerdal, Are F. Grande, Marianne Nygård, Lene Engvik Rasch og Monica Hille), Marte Boro frå Riksantikvaren, Morten Clemetsen (Prosjekt i Aurlandsdalen) og Snædis Laufey Bjarnadottir. Me valte ut delar av stien i Aurlandsdalen, og stølen Langhusa, og testa ut korleis rettleiaren til riksantikvaren fungerte på desse kulturminna. Fredag besøkte me Langhusa, kor me fekk innblikk både i klimautfordringar, og ulike kulturminne på staden. Me fekk og høyre litt om korleis det var på Langhusa i «gamle dagar», og smake på den utsøkte brimosten til Erna Underdal.

Kva er Adapt Northern Heritage (ANH)?

ANH er et samarbeidsprosjekt mellom 15 partnare frå Irland, Island, Norge, Russland, Skottland og Sverige som har som mål å betre forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø i eit endra klima. Aurland kommune samarbeider tett med Riksantikvaren i dette prosjektet.

Prosjektet Adapt Northern Heritage har 3 mål:

Web-basert vurderings- og veiledningsverktøy

  • Utvikle prosedyrer for risiko- og sårbarheitsanalyser og  

  • Planlegging av bærekraftig tilpassingstiltak

 

Tiltaksplaner for utvalgte kulturminner og -miljøer

  • I samarbeid med assosierte partnere prøve ut og utvikle verktøyene og lage eksempler på ROS-analyser og tilpassingsplaner

  • 9 kulturminner/-miljøer – i Norge Aurland og Svalbard

 

Etablere et internasjonalt nettverk

  • Involvere myndigheter, foreninger, lokalmiljø, spesialister i regionene

Verktøyet vil bli utviklet, utprøvd og demonstrert gjennom utvikling av tiltaksplaner ved ni ulike kulturminner/kulturmiljøer i Island, Irland, Norge, Russland, Sverige og Skottland. I Norge er det Sysselmannen på Svalbard og Aurland kommune som er partnare i prosjektet. Sjå Rapport kulturminner og klimaendringer - pilotprosjekt - Aurland kommune her