Det er vedteke å starta opparbeiding av regulerte bustadfelt, og tilskotet til bygging utanfor regulerte område er auka til kr. 200 000.

I kommunestyret var det fleire som peika på behovet for fleire bustader. Det vart nemnt tiltak som fortetting og støtte til å setja eldre hus i stand slik at dei kan nyttast som heilårsbustad.

På bakgrunn av debatten i kommunestyret vert bustadtiltak tema på neste møte i kommunestyret, seier ordføraren. Der vil ein få oversyn over forventa folkevekst, tiltak som er sett i gang og tiltak som kan vera aktuelle.