Ordførarane hadde utarbeidd utkast til avtale som vart presentert i møtet. Framlegget til avtale vart godt motteke av formannskapsmedlemane og ordførarane avslutta møtet med å signere intensjonsavtalen som no vert sendt til vidare handsaming i alle tre kommunestyra. 

Framlegg til vedtak som kommunestyra skal ta stilling til vert:
• Kommunane sluttar seg til Intensjonsavtalen mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland om utvida interkommunalt samarbeid.
• Kvar kommune vel tre medlemmer til styringsgruppa, i tillegg ein tillitsvald frå kvar kommune.
• Det vert lyst etter og tilsett prosjektleiar.
• Styringsgruppa legg fram samarbeidsavtale til behandling i kommunestyra innan 31.10.2018.
• Styringsgruppa kan og greia ut samarbeide på andre område.
• Kostnadane med dette arbeidet vert å dele likt mellom kommunane.

Intensjonsavtalen kan du lese her (pdf)