De vil bli oppringt av Sentio/Norstat frå telefonnummer 61 60 11 27. Ved å svara på oppringinga og delta i undersøkinga får ein moglegheit til å påverka det valet som kommunestyret skal ta. 

Undersøkinga er eit viktig ledd i utgreiingsarbeidet om val av alternativ for ny kommune. Kommunestyret har som kjent slutta seg til  3 alternativer som skal utgreiiast:

A. Aurland, Vik, Voss

B. Sogn kommune, dvs: Høyanger, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster

C. Aurland held fram som eigen kommune

200 personar vil no bli spurd om kva alternativ som er ynskjeleg, og om kva dei viktigaste måla for ein samanslåing er.  I tillegg blir det bedt om å seie noko om korleis  ein kommunesamanslåing vil påverke tenestetilbodet, og om kor viktig det er å ha nærleik til tenestene.

Intervjua vil ta rundt ca. 4 minuttar, og vil pågå frå torsdag 25. juni og ut veka. 

Her finn du aktuelle dokument i arbeidet med kommunereforma