Bakgrunn
Etter alkohollova § 1-7 d. skal kommunane utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Denne skal rullerast for kvar kommunestyreperiode og vere retningsgivande for kommunen sin alkoholpolitikk i perioden. 
Det er i dette dokumentet politikarane gir retninga for kva alkoholpolitikk kommunens skal ha i perioden, som det videre vert opp til administrasjonen å følgje opp igjennom enkeltvedtak på sals og skjenkeøyver til butikkar, hotell, restaurantar osb i kommunen. 

Kommunestyret vedtok i møte 02.05.2024 at framlegget med endringar skal bli lagt ut på høyring. 

Frist for høyring er 23.05.2024.
Høyringsuttalelser vert sendt til post@aurland.kommune.no og merkast saksnummer 2024/507.

Spørsmål kan rettast til juridisk rådgjevar, Guri Olsen, 95984663, guri.olsen@aurland.kommune.no 

 

Dokument i saka:

Framlegg til - Retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk 2024.PDF

Saksprotokoll Retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk Alkoholpolitisk handlingsplan - Løyveperioden 2024 – 2028.pdf

Innspel frå elevrådet ved Aurland barne- og ungdomsskule

Sakspapir - Retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk Alkoholpolitisk handlingsplan - Løyveperioden 2024 – 2028

 

Vidare handsaming
Etter høyringsfristen vil kommunedirektøren gå igjennom innspela og utarbeide endeleg framlegg til Retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk Alkoholpolitisk handlingsplan - Løyveperioden 2024 – 2028, som vert lagt fram til politisk handsaming i kommunestyret.