Grunnlaget vart lagt alt i 1969, då Stortinget i samband med konsesjon for Aurlandsutbygginga gjorde vedtak om veg frå Aurland til Hol. I 1975 kom stortingsvedtaket  om stamveg Oslo – Bergen via Sogn. 

Vegen til Hol opna i 1974 og i 1984 var det gjennomslag på Flenjatunnelen. 

Realiseringa av stamvegen har heile tida tilført kommunen noko nytt og positivt: veg til omverda, utfyllinga av A-feltet  i Flåm, veg til Undredal og næringsområde i Gudvangen

Gudvangatunnelen utløyste store investeringar, både i Gudvangen med Fjordtell og ny butikk og bensinstasjon og i resten av kommunen. Alt i alt vart det i løpet av få år investert for kring 100  millonar kroner, mest knytt til service og reiseliv.

Biltrafikken auka sjølvsagt og det var sterk vekst i reiselivet.

I dag er det ein årsdøgntrafikk på over 2000, dei første åra var talet knapt 800.

Dåverande ordførar i Aurland sa mellom anna dette i samband med opninga 17. desember 1991:

  • Dette er ein historisk merkedag for ein heil landsdel
  • Det blir ei heilt ny tidsrekning. Kommunen er samla og me har ferjefritt samband til Bergen
  • Gudvangatunnelen – den lengste tunnelen i Nord Europa er eit praktarbeid
  • Framfor oss ligg mulegheiter for utvikling og samarbeid. Lat oss samarbeida om det positive, då overvinn me det negative

Osvald Turlid var ordførar i 1991, ein forkjempar for gode samferdsleløysingar og næringsutvikling. 

- Eg er glad for at Osvald er tilstades her i dag og kan ta i mot ei blomehelsing frå Aurland kommune.

Noralv Distad
ordførar