Karoline har vore lærling i Flåm barnehage og på Flåm skule, og har gjort ein fantastisk jobb. Ho har også vore innom musikk- og kulturskulen Aurland i opplæringa si. Det har vore ei glede å få vera med på utdanningsløpet fram mot fagbrev. Gjett om rettleiar May Britt og rektor Astrid var stolte då vi fekk vera med inn til prøvenemnda for å høyre resultatet. Blomsten stod alt klar og venta på å bli overrekt til den nye fagarbeidaren. Og, berre så det er sagt, vi var aldri i tvil om at Karoline kom til å stå med glans løpet ut.

No ventar nokre veker med jobb på SFO og litt ferie før det vert full fart i ny jobb i Askedalen barnehage. Dei kan glede seg til å få Karoline med på laget. Små og store på Flåm skule kjem til å sakne den dyktige og positive jenta vi har vorte kjende med. Takk for at vi fekk ha deg hjå oss, og lykke til i framtida!

Karoline Bjørkum, Astrid Hassel og May Britt Eraker