Forskrifta er endra 26 april 2010, og no er det krav til sløkkje effekt for skum og vatn apparat. Sløkkjeeffekta skal no vera minimum 21A.

Mange sel handsløkjarar av skum med klasse 13A, til dømes Biltema, Rimi, Europris m.m. Desse handsløkkjarane er berre meint som tilleggsapparat til handsløkjarar av høgare effekt.

Konklusjonen er då at kjøper ein handsløkjarar av skum med klasse 13A, så må dei plasserast saman med handsløkjarar av skum med klasse minimum 21A. Må altså i dette tilfellet ha minimum to stk.

Sløkkjeutstyret skal plasserast lett tilgjengeleg i den enkelte bueining. Det bør vera sløkkjeutstyr på kvart plan/etasje og avstanda bør ikkje vera meir enn 25m. Handsløkkjarane skal vera godkjente.

I særskilte brannobjekt må ein ha fleire typar av sløkkje utstyr som brannslangar og fleire handsløkkjarar.

”§ 2-5. Røykvarsler og manuelt slokkeutstyr i bolig
Eier av bolig skal sørge for at boligen er utstyrt med minst en sertifisert røykvarsler, plassert slik at den høres tydelig på alle soverommene når dører er lukket.
Eier skal også sørge for at boligen er utstyrt med minst ett av følgende slokkeutstyr:
a) pulverapparat på minimum 6 kg med ABC-pulver
b) skum-/vannapparat på minimum 9 liter
c) skum-/vannapparat på minimum 6 liter med effektivitetsklasse på minimum 21A
d) formfast brannslange med innvendig diameter på minimum 10 mm, eller
e) annet manuelt slokkeutstyr med tilsvarende slokkekapasitet.
Slokkeutstyret skal kunne benyttes i alle rom.
0 Endret ved forskrift 26 april 2010 nr. 604 (i kraft 1 juli 2010). ”

Brannsjefen