Flåm Zipline er den lengste i sitt slag i heile Norden. 1381 meter lang, høgdeforskjell 305 meter. 100 km i timen Dette er stort.

Attraksjonen har fått god og positiv mottaking lenge før den offisielle opninga i dag. Det lovar godt når ein no går over i ordinær driftsfase.

Dei som lanserte ideen om zipline og faktisk har fått den bygd, går inn i rekkja av modige og tiltakssame nærings- og samfunnsbyggjarar i Flåmsdalen. Vegen opp til Vatnahalsen stod ferdig i 1896, Flåmsbana i 1940 og no zipline i 2018. Den stupbratte fjellsida stoppar ikkje dei som vil skapa noko stort og framtidsretta.

Aurland kommune er utruleg stolt over den nye, flotte attraksjonen. Aurland er ein kommune i vekst, og me veks på grunn av personar og bedrifter som ser mulegheiter og satsar.

Her det grunneigarar som skaper næring på eigedomane sine. Stor takk og gratulasjon til eigarane Pål Mikkel Dalsbotten og Atle Terum. Og takk til alle andre som har hatt tru på prosjektet og vore med på å få det realisert.

Til alle dei som no er klar for fart, spenning og magesug, seier eg God Tur!

Det er ei stor ære å erklæra Flåm Zipline for offisielt opna.